Alle finalelaga er klare

Me har kåra vinnarar i Ryfylkequiz frå både Forsand og Jørpeland. Dermed er alle sju finalelaga klare.

I Forsand trekte «Team Forsand» det lengste strået i ein jamn og spennande skulefinale. Her ser me jentetrioen i intens arbeid (f.v. Oda Mæle, Maria Lamprinoudakis og Shalom Agbor). Motstandar i superfinalen 24. mai blir mellom anna «Team 8A» frå nettopp 8A ved Jørpeland ungdomsskule. (bilete på framsida) Josef Badr (f.v.), Harald Hevrøy, Solunn Grammetvedt og Tuva Damgaard Gjerde tok ein tidleg leiing i finalerunden på Jørpeland, og var aldri trua. Dermed samla dei også poeng i søkk og kav, og vann over «Team 69» frå 8D og «Ta 3 betal for 5».

 

Den store quizfinalen for 8. klassingar i Ryfylke er altså 24. mai i Sauda Kino, i høve Saudadagane.