Årets første utstilling på heiagarden Hagalid

Galleri Hagalid har Vårutstilling med kafe frå 17.mars og gjennom heile påska fram til sundag 8.april.

Det blir to separatutstillingar på ein gong! Og det er to erfarne damer som stiller ut: Gunn Lisbet Gaarden frå Stavanger viser voksmaleri/collage, og Karin E. Øvstedal frå Asker stiller ut englar og fuglar i keramikk.

Laurdag 17. mars blir det opning og kunstnarsamtalar kl 12.00. Då blir det også høve til å kjøpa seg litt forfriskingar.

Det er heilt gratis å koma inn, og alle er hjarteleg velkomne!

På www.hagalid.net finn du alt du treng å vita om både utstillinga, og Galleri Hagalid.