Bevisste strandbuar tok HEI-kurs

Engasjementet var stort, innspela mange og latteren sat laust då Lysefjorden Utvikling og Reisemål Ryfylke inviterte til HEI-kurs på Jørpeland onsdag.

Leif Arild Steen og Tor Øyvind Skeiseid tok 25 deltakarar med på ei variert reise i Ryfylke, det ryfylkske lynnet og ikkje minst «korleis forheld me oss til alle turistane som skal koma.» Rollespel er alltid kjekt, ikkje minst å sjå på! Dessutan er det greitt å vita om kva som er på Jørpeland, og ikkje minst i regionen rundt. Dette var det fjerde HEI-kurset i regi av Ryfylkealliansen denne våren. Interessert i kurs? Ta kontakt med leif@ryfylkelivsgnist.no

På biletet: Denne bussen skal til Preikestolen Fjellstue, og det er ikkje snakk om å stoppa undervegs. «Eg må halda rutetida», er svaret frå bussjåføren når passasjerane vurder å gå av på Jørpeland.