Datasenter debattinnlegg Haugesund Avis

Ny kraftkrevjande industrisjanse for Rogaland - er me klar?

Ny kraftkrevjande industrisjanse for Rogaland - er me klar?

 

·       LESERINNLEGG

Av ESPEN THOMPSON OG KETIL BARKVED

 

Publisert:24. november 2016, kl. 15:31

 

LESERBREV Topprangering for Noreg
Kven har best vilkår for grøne datasenter? Det amerikanske selskapet Cushman & Wakefield har rangert 37 land rundt om i verda i sin Data Center Risk Index 2016 for å gje oss svaret. Island og Noreg tronar på toppen av lista som er utarbeida for hjelpe datasenteraktørar med å fatte avgjersler om kor det neste datasenteret skal etablerast. Slike avgjersler er viktige for land som blir valt, industrielle datasenter er gull verdt for sysselsetting og vekst i regionar.
Det er altså gode høve for ei datasenternæring i Noreg, men me manglar endå dei store resultata i form av etableringar og sysselsetting. Potensialet for Noreg og Rogaland kan me danna eit bilete av ved å sjå til Irland.
Den grøne, digitaliserte øya
Irland er i følgje bransjen sjølv «The data center capital of Europe». Ei lang rekke dataaktørar har etablert seg her. Google, Facebook, Apple, Microsoft og Amazon er døme på store og kjende aktørar på den grøne øya. Berre Google og Apple åleine sysselsett 5000 personar kvar i landet. Amazon anslår at dei har investert 1,5 milliardar euro sidan dei etablerte seg i 2004.
Mange av dei store datasenteraktørane er føreseielege og bevisste storforbrukarar av straum. Eit nytt datasenteranlegg som Apple planlegg er kostnadsrekna til 850 millionar euro og vil fullt utbygd auka elektrisitetsforbruket i Irland med 8,2 %. Anlegget er planlagt med ein installert effekt på 240 MW og eit årsforbruk på 2 102 GWh (om lag årsforbruket til 125.000 norske husstandar).
Irland er og rangert i Data Center Risk Index 2016. Dei er rangert på 20. plass. Det kan altså tyde på at ei god rangering i ein slik rapport er vel og bra, men ikkje naudsynt for å lukkast som datasenterlokasjon på verdsmarknaden.
Ny naudsynt tilnærming
Noreg treng nye næringar. Særleg Rogaland har føresetnader for å lukkast med denne nye grøne kraftkrevjande industrien. Ein tommelfingerregel frå bransjen sjølve seier at eit datasenter skapar omlag 30 årsverk for kvar installert MW. Korleis kan me gjere om ei god rangering til ny industrivekst?
Me må vere konkurransedyktig på kostnader knytt til energi, fiber, lokasjonsutvikling, skattar og avgifter. Me må hevda oss innan forretningskultur og politiske tilhøve. Me må ha dei rette tenestene og produkta knytt til fiber, straum, areal og tenester. Særleg industriell og internasjonal fiber er kritisk for Rogaland. Me må møte kravet om fiberkapasitet og fiberkvalitet mellom oss og resten av verda. Produkt som mørk fiber med uavhengige føringsvegar og lav «latency» (responstid) mellom senteret og definerte fiberknutepunkt i Europa.
Me må vera opne for at aktørar i datasenterindustrien ønskjer seg ein heilt spesiell kraftmiks som er dokumentert rein, fornybar, rimeleg og trygg. Me må vere opne for at kundane ønskjer seg ei datasentertomt på 20, 50 eller 100 mål som kan vere byggjeklar om 6 månadar og har flott utsikt til fjord eller fjell med høve til å etablere ein installert effekt på 5, 50 eller 500 MW.
Frå papirresultat til ny industri
For å sikra ein ny grøn kraftkrevjande datasenterindustri i Rogaland må det skapast betre vilkår for den nye digitale økonomien generelt og den internasjonale datasenterindustrien spesielt. I tillegg til å læra av dei som har lukkast må det formast politikk, strategi og produkt som kan møta høge krav i en stadig voksande internasjonal datasenterindustri. Tilliten som lokasjon har me fått den dagen store og små internasjonale aktørar kjem med sine dataressursar til Noreg.