Datasenter og internasjonal fiber

Ryfylke IKS, Haugaland Vekst og Greater Stavanger arbeider saman for å skapa vilkår for nye arbeidsplassar i ei vekstnæring

Prosjektet vart initiert av kommunar i Ryfylke som ein følge av Statnett sitt straumkabelprosjekt Kvilldal (No) – Blythe (UK).

Hovudoppgåva i prosjektet er å skapa vilkår for ei ny, grøn internasjonal, datasenternæring i Ryfylke og Rogaland.

1.Etablering av industriell fiberkabel mellom Norge og Storbritannia 

2.Finna og utvikla attraktive datasenterlokasjonar i Rogaland til ein internasjonal datasentermarknad (samt å tilrettelegga for energiforedlande industri) 

3.Etablera organisasjon for utvikling, salg og marknadsføring

Store mengder med stabil grøn straum, gode høve for effektiv kjøling, eit område med låg risiko forutan eit næringsliv som veit korleis oppetidskritiske installasjonar skal lagast er våre viktigaste innsatsfaktorar.

Er du interessert i å få meir innsikt i fiberprospektet - ta kontakt med Ketil Barkved på 91766096.