Det skjer i sommar

Det er mykje kjekt å oppleva i Ryfylke i sommar! Her er noko av det.

Skartveitdagen går av stabelen 1.juli. 

Laurdag 8. juli kl.13.00 arrangerer Galleri Hagalid Veskedag med kunsthandverkar Aud Lavik frå Bergen. Galleriet er ope frå kl 11-17. Gratis inngong, alle velkomne. Sjå meir om arrangementet på Facebook.

22.juli er det klart for Vanviksfestivalen. Les meir på Facebook.

Lysebotn Opp blir arrangert 27. juli. 8.august er det "Smashing Jøsneset" og Tomatfestivalen på Judaberg er 18.-20.august.

Rennesøydagen går av stabelen laurdag 26.august kl 11-15. 

Landa Park arrangerer Vikingfestival 26.-27.august. Og me minner også om at første helga i september er det på Hjelmeland det skjer, med Norsk Frukt & Laksefest 2017.

God sommar i Ryfylke!