Dreamteam blei vinnarteam

Andreas Smedsrud, Sindre Vik og Lars Herabakke gjekk av med sigeren i klassequiz i Suldal.

8.klasse ved Sand ungdomsskule og Nesflaten skule blei i går testa i ryfylkekunnskapane sine. Og det var Andreas, Sindre og Lars frå 8A på Sand som gjekk av med sigeren. No er dei klare for å møta dei vinnande laga frå dei andre skulane i Ryfylke, under den store finalen onsdag 24.mai.

Hjelmeland Sparebank, representert ved Brit Hustoft Ås, var tilstades under finalen, og overrakte premiar til dei tre beste laga.