Finalerekord og dirrande spenning

I Hjelmeland blei det den mest jamne skulefinalen nokonsinne, medan vinnaren på Tau sette ny poengrekord i finalen.

Skulefinalane i Ryfylkequizen for 8. klassingar går sin sigersgang. I dag var det klart for skulefinale både ved Tau Ungdomsskule og Hjelmeland Ungdomsskule. På Tau stakk «Rope Buddies» av med ein nokså overlegen siger, då dei sette finalerekord med 32 poeng.

På Hjelmeland dirra det lufta då tre lag skulle gjera opp om plass til den store quizfinalen i Sauda 24. mai. Til slutt var det «Anne er tøff», som kapra sigeren, eitt og to poeng føre «Teletubbies» og «The Buddies».

 

 

Foto framside: Vinnarlaget i Hjelmeland: "Anne er tøff". F.v framme: Cassandra og Leen. Bak fv Mathias og Vemund.

 

Stort bilete: Vinnarlaget på Tau:"The Buddies". F.v. Ole Martin Feyling, Sina M Barka, Tomine Ravnås