Grønvik Gard til topps i Det norske måltid

Den musserande eplemosten til Elisabeth Grønvik gjekk heilt til topps i finalen i Det norske måltid 2017, som gjekk av stabelen på Clarion Hotel Energy i Stavanger fredag kveld.

Den musserande eplemosten vann i kategorien "Årets det grønne- foredlet". Også i fjor vann Grønvik Gard pris i same katergorien, då var det eplemost av Summerred som gjekk av med sigeren. 
Ryfylkealliansen gratulerer Grønvik Gard og Elisabeth med sigeren, og ønskjer lukke til vidare!

Foto: Aftenbladet.no