Hjelmeland Sparebank først ut med HEI

Latter og lærdom gjekk hand i hand då verdspremieren på Ryfylkealliansen sitt HEI-kurs blei gjennomført fredag 6. januar.

Banksjef Susanna Poulsen hadde tatt med seg sine kollegaer i Hjelmeland Sparebank på skulebenken. HEI står for Humor, Engasjement og Identitet, og er eit formidlings- og vertskapskurs i regi av Ryfylkealliansen. Kurshaldarane Leif Arild Steen og Tor Øyvind Skeiseid tok gjengen med seg gjennom rollespel, Ryfylkequiz, geografisk og kulturell vandring, humoristiske vinklingar, verdiar og ryfylkelynne. Det var eit stort, stort engasjement i samfulle fire timar. Kurset enda då også med høgtidleg overrekking av diplom og button «sertifisert Ryfylkevert.» Dermed er dei tilsette i Hjelmeland Sparebank dei aller første som har tatt HEI-kurset. Kurset passar både for næringsliv, tilsette i kommunar, turistvertar, ja strengt tatt folk som møter folk i Ryfylke.