Invitasjon til Techsperience

Les meir om invitasjonen til dei 3 Techsperience samlingane

Techsperience er eit prosjekt i regi av Ryfylke IKS, det interkommunale samarbeidsorganet i Ryfylke. Det overordna målet med prosjektet er å styrka turismenæringa i Rogaland. Me vil bidra til å auka innsikt og kunnskap i bruk av informasjonsteknologi, som fundament for utvikling av attraktive produkt turistar er villige til å betala for.

Konkret mål: Påfyll av kunnskap skal resultera i 3-5 pilotar.

Målgrupper: Tilbydarar av opplevingar, store og små. Ein må ikkje vera nokon form for superbrukar på sosiale media eller tekno-freak for å delta.

Rogaland Fylkeskommune er ein god støttespelar og bidrar til gjennomføringa med VRI-programmet.