Juletrefinalistane frå Rogaland er klare

Jan Oddvar Lomeland sitt juletre gjekk av med sigeren i konkurransen "Rogalands flottaste juletre" på Bryne torg i helga.

Det var til saman 23 juletre med i konkurransen. Og dei tre beste trea går vidare til NM-finalen på Jørpeland førstkomande torsdag. I tillegg til Lomeland frå Jæren er det Anna Mæland frå Finnøy og Olav Ravnås frå Strand som skal representera Rogaland Juletre i finalen.
NRK var på plass under arrangementet på Bryne og laga denne saka!

Frå og med i morgon, tysdag, kan du stemma på Norges flottaste juletre. Link til stemmeskjema blir lagt ut her på ryfylke.no.