Korleis ser Ryfylke ut i 2019?

Dette spørsmålet var utgangspunktet for "Ryfylkeoddsen" som vart gjennomført under Arena Ryfylke.

Alle deltakarane på Arena Ryfylke fekk kvar sitt spørjeskjema og skulle svara på 17 spørsmål om korleis Ryfylke kjem til å sjå ut i 2019.

Svara blei lagt i ei solid "stemmeurne" medan Bjørn Næss frå Partner Regnskap passa på at alt gjekk korrekt føre seg. Etterpå vart urna overlevert til Susanna Poulsen i Hjelmeland Sparebank som har plassert urna trygt i ein bankboks på Hjelmeland. Der skal urna, som er laga av alliansemedlem Avanti Ryfylke, stå til Arena Ryfylke i 2019. Urna kan ikkje opnast utan at den blir øydelagt, så her er det ikkje rom for å tjuvkikka.
Så vil dei neste åra vise kven som var mest framsynte!

Spørsmåla, eller påstandane som kvar enkelt skulle svara JA eller NEI på var:

1. Bygging av tunnel mellom Espedal og Frafjord er starta

2. Det er innført restriksjonar på kor mange som kan gå ut på Preikestolplatået om gongen

3. Finnøy er ikkje lenger eigen kommune, ettersom Stavanger, Rennesøy og Finnøy alt har slått seg saman

4. Strand kommune har meir enn 15.000 innbyggjarar

5. Suldal har fem hotell

6. Det er vedtatt at Hjelmeland kommune kjem til å opphøyra som eigen kommune

7. Ryfastopninga er utsett til 2020

8. Øyfast er vedtatt – altså bruer/tunnelar mellom øyane i Finnøy kommune

9. Irene Heng Lauvsnes blir etter kommunevalet i 2019 vald til ordførar i Strand dei neste fire åra

10. Jøsenfjorden er vedtatt skal tilhøyra Suldal kommune

11. Ryfylkealliansen har minst 200 medlemer

12. Allmannajuvet har hatt 20.000 besøkjande sesongen 2019

13. Forsandbuen har vald representantar til bystyret i Sandnes ved dette kommunevalet

14. Det går tre ferjer i Jøsenfjordsambandet i helgane

15. Staal Jørpeland spelar i 2. divisjon i fotball for menn

16. Tunnel mellom Sauda og Etne er vedtatt

17. Torkel Myklebust har gjort comeback i Suldalspolitikken