Kraftdag i Suldal

Vilkår for etablering av ny kraftkrevande industri stod på agendaen under Kraftdagen i Suldal

Vilkår for etablering av ny kraftkrevjande industri stod på agendaen under Kraftdagen i Suldal Utvikling av vilkår for ny kraftkrevjande industri stod på programmet då Ryfylke IKS inviterte til Kraftdag i Suldal 31. mai 2017. 42 personar frå regionalt næringsliv, offentleg verksemd, kraftbransjen, politikk, finans og interesseorganisasjonar deltok på samlinga. 

Link til invitasjonen/agenda --> AGENDA

Me starta dagen med busstur inn i fjellet til Kvilldal kraftstasjon ved Suldalsvatnet. Dette er Noregs største kraftstasjon og ein viktig del av Ulla Førre-systemet som nyttar eit stort nettverk av vatn frå Blåsjø og omliggande område (ca 2000 kvadratkilometer stort nedslagsfelt).  Anleggsleiar Trygve Sæbø frå Statnett informerte det internasjonale straumkabelprosjektet NSN-Link mellom England og Kvilldal. Eit prosjekt med investeringar for 20 milliardar kroner og ein installert kapasitet på 1400 MW. 

Stortingsrepresentant for Høgre, Sveinung Stensland, spurde om totaleffekttapet i kabelen og transformasjonssystemet men fekk ikkje svar på det. Leikar ein med tal og seier at ein misser 10% av krafta i likerettarsystema og kabelen (som sikkert ikkje er rett men enkelt å rekna med) og samstundes reknar på full produksjon ser ein at heile 140MW vert tapt ved full effekt (smelteverket i Sauda har installert effekt på rundt 95 MW, Facebook i Luleå det same). Dette er straum me produserer men ikkje får betalt for sidan han går over til varme i straumkabelsystemet mellom Noreg og England. Kabelen til England er viktig, men utfordringa med tap visar eit potensial på inntil 140 MW som kunne vore nytta til verdiskapande verksemd nær der krafta vert produsert med minimalt overføringstap. Me kunne med andre ord i lokalt ha forsynt eit datasenter tilsvarande Facebookanlegget i Luleå som sikrar ei verdiskaping på fleire hundre millionar kvart år og samstundes hatt  straum til overs til å drifta 6 datasenter likt Green Mountain. Noko å tenka på..

Etter Kvilldal gjekk turen til Energihotellet på Nesflaten der Gunhild Moe og mannen Olav Lindseth serverte ein fantastisk lunsjbuffet basert på lokale råvarer. Me fekk og historia til designhotellet som vart bygd som messe for tilsette i Hydro.

Gunhild Moe og Olav Lindseth, vertskapet på Energihotellet på Nesflaten

Så gjekk turen til den såkalla "UFO'en". Hydro sitt kontrollrom på Nesflaten. Dette er i drift kan ved behov framleis styra dei ulike kraftstasjonane som er tilkopla Hydro sitt kraftsystem. Eit flott rom som passa godt til dagens tema!

Torkel Myklebust, dagleg leiar i Ryfylke IKS, var ordstyrar for dagen. Programmet starta med ei kort oppdatering om fibersaka frå Ketil Barkved i Ryfylke IKS . 

Hydrogenproduksjon med elektrolyse - Rainer Speth og Cyril Dufau-Sansot var neste par ut og gåve ein orientering om hydrogenprosjektet på Jelsa og om hydrogenproduksjon ved hjelp av elektrolyse. Eit spennande prosjekt som visar høve til å omdanna eit kraftoverskot til Hydrogen som er kan transporterast, lagrast og nyttast fleksibelt i industriprosessar, transport m.m. Det er nokre sentrale utfordringar som må løysast. Tilgang på nok kraft til å kunna skalera framtidig produksjon er ei. Me ser fram til å høyra meir om prosjektet til hausten då ei avgjersle om investering er planlagd.

Korleis står det til med kraftsystema våre?– Yngve Åbø presenterte rapporten Kraftsystemanalyse i Rogalandsregionen. Her fekk me inngåande kunnskap om status og utfordringar i dag og kva me må gjera for å kunna nytta grøn fornybar energi i ny kraftkrevjande produksjon. Dette er viktig kunnskap for alle som arbeider med kraftkrevjande prosjekter og industri. Yngve si oppfordring var å kome i gong raskt med skreddersydde utviklingsprosjekt i lokasjonar og utnytta høve når oppgraderingar og endringar i forsyningsnettet skal skje. Endringar i kraftsystemet er prosessar som tek lang tid, men som er avgjerande for konkurransekrafta til lokasjonar som vil husa kraftkrevjande verksemd.

Prosjekt datasenter og internasjonal fiber har delteke i ein studieom effektane ved etablering av store datasentre. Menon Economics ved Caroline Wang Gierløff presenterte rapporten og resultata i ei spennande "prelansering" på Nesflaten denne dagen. Sjølve rapporten blir overlevert nærings- og fiskeridepartementet på eit frukostmøte i Oslo 9 juni. 

Me runda av med ein diskusjon om korleis Rogaland bør posisjonera seg for å stimulera til grøn industrivekst. Det kom gode innspel om å halda fram satsinga i strategiske samarbeid regionalt og nasjonalt. 

 Ryfylke IKS og samarbeidspartnerar Rogaland fylkeskommune, Haugaland Vekst og Greater Stavanger takkar alle som var med denne dagen for frammøte og ser fram til vidare felles innsats for etablering av ny kraftkrevjande verksmed i regionane.

Deltakerane midt i bilete vert små i hovudhallen i Kvilldal kraftstasjon