Marknadsføring av Ryfylke utanfor Ryfylke

Korleis når me samla ut med tilbodet frå Ryfylke?

Medlemsundersøkinga i 2015 viste ein medlemsmasse som er nøgd med arbeidet som blir gjort i Ryfylkealliansen. Nå er det store fokuset: Marknadsføra Ryfylke ut over eigen region. Fleire samlingar i ulike grupper i alliansen, har peika på det same. Me må visa  igjen – og me må visa igjen samla. Ryfylkealliansen vil jobba saman med medlemer som har lyst, og som ser verdien i å jobba saman om å utvikla medlemene og tilboda frå Ryfylke.
Derfor inviterer Ryfylkealliansen til ei arbeidsøkt 4.april på Spa-Hotell Velvære på Hjelmeland, for å sjå på korleis me kan jobba saman for å nå ut med tilboda me har her i Ryfylke. Invitasjon til samlinga finn du her.

Foto: Kristofer Ryde, Negative