Møtebok for Ryfylkerådet, 02.02.2017

Sande næringsbygg, Hjelmeland.

Møtebok for Ryfylkerådet, 02.02.2017, Sande næringsbygg, Hjelmeland.

 

Til stades :  Bjørn Laugaland, Asbjørn Birkeland, Gerd Helen Bø, Irene Lauvsnes, Bjarte Dagestad, Sigve Hia, Jon Ola Syrstad, Søren Jensen, Øyvind Valen, Wictor Juul

Andre: Geir Ims, Ketil Barkved, Torkel Myklebust.

Møtestart kl 09.00.

 

I starten av møtet var det  fylgjande orienteringar:

Om Ryfylke friluftsråd, ved dageleg leiar, Hans Olav Sandvoll. Han presenterte formål, organisering og ulike satsingsområde i Ryfylkeregionen. 

Om Næringshage-konseptet, ved dagleg leiar i Suldal Vekst as,  Laila Steine. Ho orienterte om organisering og arbeidsområde. Næringshagen har fokkus på etablerte verksemder og kan inngå samarbeidsavtale med verksemder i fleire/alle Ryfylke-kommunane.

Om ny handlingsplan for Preikestolstiftelsen, ved styreleiar Leif Magne Kleppa. Han presenterte praktiske og økonomiske utfordringar i planperioden 2017-2027.

  

Sakliste:

 

SAK 01/17    Godkjenning av innkalling og sakliste.

                       Samrøystes godkjenning.

 

SAK 02/17    Gründerar i Rogaland – utkast til fylkestingssak – høyring.

                       Forslag til vedtak:

                      

Ryfylkerådet har fylgjande kommentarar til høyringsutkastet:

· Kommunane kjem med supplerande opplysningar når det gjeld eksisterande tilbod til gründerar i Ryfylke.

· Ein bør arbeida for å få «ei dør inn» til det regionale tiltaksapparatet i Rogaland.

· Ein bør arbeida for å samordna verkemiddelbruk og arbeidsmåtar i ulike deler av tiltaksapparatet  slik at ein i større grad unngår konkurransen om «kundane».

· Ein bør arbeida for større fleksibilitet i bruk av ulike ordningar.

· Ein bør arbeida for etablering av investornettverk.

· Konsekvensar ved endringar i kommune- og regiongrenser må avklarast og evt. kompenserast.

 

Endringar i møtet:

· Kommunane sender sine tilleggopplysningar via RIKS

· Næringshagane må inn i partnarskapen.

Forslag til vedtak med tillegg i møtet, vart vedteke samrøystes.

Det er då gjort slikt vedtak:

Ryfylkerådet har fylgjande kommentarar til høyringsutkastet:

· Kommunane kjem med supplerande opplysningar når det gjeld eksisterande tilbod til gründerar i Ryfylke. Kommunane sender sine tilleggsopplysningar via RIKS.

· Ein bør arbeida for å få «ei dør inn» til det regionale tiltaksapparatet i Rogaland.

· Ein bør arbeida for å samordna verkemiddelbruk og arbeidsmåtar i ulike deler av tiltaksapparatet  slik at ein i større grad unngår konkurransen om «kundane».

· Ein bør arbeida for større fleksibilitet i bruk av ulike ordningar.

· Ein bør arbeida for etablering av investornettverk.

· Konsekvensar ved endringar i kommune- og regiongrenser må avklarast og evt. kompenserast.

· Næringshagane må inn i partnarskapen.

                     

SAK 03/17    Ferjesambandet  Stavanger – Tau, drift i perioden 2018 - 2019.

                       Forslag til vedtak:

Ryfylkerådet kan ikkje akseptera ein reduksjon i kollektivtilbodet mellom Strand og Stavanger.

Ryfylkerådet ber Rogaland Fylkeskommune gå i nye forhandlingar med Norled AS med sikta på å oppretthalda tilbodet i Tau-sambandet på dagens nivå, innafor akseptable økonomiske rammer

 

Jon Ola Syrstad sette fram fylgjande endringsforslag:                 

Ryfylkerådet kan ikkje akseptera ein reduksjon i kollektivtilbodet mellom Strand og Stavanger.

Ryfylkerådet ber Rogaland Fylkeskommune sørge for å oppretthalda tilbodet i Tau-sambandet og hurtigbåt Jørpeland – Stavanger minimum på dagens nivå.

 

Samrøystes vedtak i tråd med forslag frå Jon Ola Syrstad:

Ryfylkerådet kan ikkje akseptera ein reduksjon i kollektivtilbodet mellom Strand og Stavanger.

Ryfylkerådet ber Rogaland Fylkeskommune sørge for å oppretthalda tilbodet i Tau-sambandet og hurtigbåt Jørpeland – Stavanger minimum på dagens nivå.

 

Sak 04/17     Orienteringsaker               

a) Fiberprosjektet. Ketil Barkved orienterte om status for prosjektet, m.a. om overordna utgreiing av kraftsystem, ringverknadsanalyse og kontakt mot Samferdselsdepartementet.

b) Utdanning i Ryfylke/Regionane. Informasjon frå møte i styringsgruppa var sendt ut på førehand. Det er ikkje avklara finanisering for 2017. Det kom ynskje om ei grundigare orientering i neste rådsmøte om tilbod og resultat.

c) Techsperience. Ketil Barkved orienterte om status: 3 VRI-samlingar er gjennomførde. Ein er i gong med å etablera prosjekt for utgreiing av pilotar.

d) Prosjekt Nasjonal Turistveg. Reisemål Ryfylke arbeider med å få avklara finansiering og prosjektleiar. Oppstartsmøte for styringsgruppa + rådmennene i Hardanger 16.-17. mars.

 

Sak 05/17     Ymse.

Ladestasjonar for el-bilar i Ryfylke.

Kart over ladestasjonar i Ryfylke vart delt ut.

Rådet meiner det bør arbeidast for å betra tilbodet av ladestasjonar i Ryfylke, og vil be prosjekt Nasjonal Turistveg ta dette med som ei av sine oppgåver.

                      

Sak 06/17     Ekstrasak: Ferjetilbodet over Høgsfjorden.

I samband med drøftinga av Tau-sambandet, sak 03/17, drøfta ein og ferjetilbodet over Høgsfjorden, rådet gjorde slikt vedtak:

Fylgjande uttale vert send Statens vegvesen:

Ryfylkerådet ynskjer styrking av Høgsfjordsambandet i sommarsesongen.

 

Møtet heva kl 12.15

Hjelmeland, 06.02.2017

Torkel Myklebust

dagleg leiar.