Møtebok for Ryfylkerådet, 07.12.2016

Tilstades var Asbjørn Birkeland, Gerd Helen Bø, Irene Lauvsnes, Bjarte Dagestad, Søren Jensen, Øyvind Valen, Wicor Juul

Møtebok for Ryfylkerådet, 07.12.2016, Hotel Viktoria, Stavanger.

 

 

Til stades :    Asbjørn Birkeland, Gerd Helen Bø, Irene Lauvsnes, Bjarte Dagestad, Søren Jensen, Øyvind Valen, Wicor Juul

Andre:            Geir Ims, Torkel Myklebust.

Forfall:           Bjørn Laugaland, Dag Flackè, Jon Ola Syrstad.

 

Møtestart kl 09.30.

Sakliste:

 

SAK 35/16    Godkjenning av innkalling og sakliste.

                        Samrøystes godkjenning.

 

SAK 36/16    Budsjett 2017.

                        Styret sitt forslag til budsjett var sendt ut på førehand.

                        Samrøystes vedtak:

                        Ryfylkerådet sluttar seg til styret sitt forslag til budsjett for 2017.

Dagleg leiar vert beden om å avklara Ryfylke IKS sine framtidige pensjonsforpliktingar.

                       

SAK 37/16    Handlingsplan 2017 - 2018.

                        Framlegg til handlingsplan var sendt ut på førehand.

Samrøystes vedtak:

Ryfylkerådet sluttar seg til framlagt forslag til handlingsplan for 2017 – 2018 med fylgjande justering:

-       Tiltak Universitetet  Stavanger skal utvidast til også å gjelda Høgskulen på Vestlandet.

        

Sak 38/16     Vegutgreiing for RV 13 Brattlandsdalen.

                       

                        Asbjørn Birkeland bad om at fylgjande vart protokollert:

Sauda meiner Fjordvegen/Rv. 13 for storsamfunnet er betre tent med å gå gjennom Sauda med ny tunnell mot E134. Dette vil gi ein vintersikker veg med kortere reisetid til E134 og Odda. Likevel ser Sauda at rassikring i Brattlandsdalen er heilt naudsynt for bebuarane langs strekninga og dei som brukar vegen dagleg. Sauda vil derfor støtte framlegg til vedtak.

 

                        Samrøystes vedtak:

Ryfylkerådet tek vedlagde prosjektrapport til vitande og vil arbeida for at tilrådingar i rapporten kjem inn i NTP 2018-2027. Ein legg til grunn at oppfylgjing av rapporten skjer i samråd med I/S Fjordvegen, Odda kommune og Suldal kommune.

 

 

Sak 39/16     Høyringsuttale KVU Gvammen - Vågsli

Samrøystes vedtak:

1.    Ryfylkerådet  legg vekt på det nasjonale perspektivet i saka. E134 frå Haugesund til Drammen med arm til Bergen og Grenland/Vestfold (rv36) vil være eit nasjonal hovudsamband mellom Vest- og Aust-Norge som løyser overordna transportutfordringar i Sør-Norge og gir svært god samfunnsøkonomisk lønsemd. Løysinga gir også ein god miljøeffekt og løyser nåverande vinterproblematikk på strekninga. Tilrådinga støttar og underbygger konklusjonen frå aust-vestutgreiinga.

2.    Ryfylkerådet  støttar Statens vegvesen si tilråding om at E134 mellom Gvammen og Vågsli blir bygd ut i ein ny nordleg korridor.

3.    Ryfylkerådet  støttar Statens vegvesen si tilråding om å gå i gang med kommunedelpanarbeid for heile strekninga Kongsberg-Vågsli så raskt som mogleg.

 

4.    Ryfylkerådet  meiner det er svært viktig at vidare opprusting av dagens E134 og rv36 held fram inntil ny veg i korridor nord er ferdig. Vinterproblematikken på E134 Seljestad-Vågsli og Åmot-Vinjesvingen er kritisk og må løysast.

 

5.    Ryfylkerådet  legg til grunn at arbeidet med KVU for arm til Bergen vert sett i gang så raskt som mogleg.

 

 

Sak 40/16     Møteplan 2017.

Utsendt forslag  vart gjennomgådd og fylgjande møteplan vart fastsett   for 2017:

              Ryfylke IKS: Møteplan 2017

Februar

·       02.02.             Ryfylkerådet

·       21.02.             Styret

April

·       07.04.             Ryfylkerådet

·       18.04.             Styret

Juni

·       08.06.             Årsmøte

August

·       29.08.             Styret

·       31.08 Ryfylkerådet

Oktober

·       25.10.             Ryfylkerådet (em/kveld/overnatting)

·       26.10.             Ryfylketinget

November

·       14.11.             Styret

Desember

·       14.12.             Ryfylkerådet

                  

 

Sak 41/16     Orienteringssaker.

                       

a)    Fiberprosjektet: Dagleg leiar orienterte og viste til notat av 06.11.16 frå prosjektleiar Ketil Barkved. Rådet understreka at det er viktig å leggja til rette for framføring av fiber til alle kommunane, uavhengig av landingsstad for utanlandsfiber.

b)    Oppsummering av Ryfylketinget. Notat var utsendt på førehand

c)    Prosjekt Nasjonal Turistveg. Dagleg leiar orienterte og presiserte at gjennomføring av prosjektet er avhengig av tilslutning frå kommunane.

d)    Geir Ims orienterte om Flyktningeprosjektet.

e)    IS Fjordvegen sin årskonferanse 2017, vert 28/3  på Sola.

 

Ryfylkerådet tok orienteringane til vitande.

 

 

Sak 42/16     Ymse:

                        Ingen saker.             

 

 

Møtet heva kl 12.00

 

 

Hjelmeland, 08.12.2016

Torkel Myklebust

dagleg leiar.