"Norges flottaste juletre" skal kårast på Jørpeland!

16. november skal "Norges flottaste juletre" kårast i Juletrebyen Jørpeland.

Juletredyrkarar over heile landet er invitert til å vera med i konkurransen. Det er først lokale finalar rundt om i landet, før den store finalen går av stabelen på Jørpeland torsdag 16. november. Og du kan vera med å bestemma kva tre som vinn! Følg med her på www.ryfylke.no og på våre Facebooksider. Der blir det lagt ut informasjon om avstemming etterkvart.

Har du mulighet så få også med deg den lokale finalen for Rogaland på Bryne Torg 11. november, og NM i juletrepynting i Julebyen Egersund i desember.