Nye redaktørar i Ryfylke og Øyposten

Halvparten av lokalavisene i Ryfylke skiftar redaktør denne våren.

1. april startar Edd Meby ny redaktør i lokalavisa i Finnøy, Øyposten. Meby er nå redaktør i avisa Ryfylke, som er lokalavisa i Sauda. Når Meby nå skiftar kommune og lokalavis, kjem ein saudapatriot tilbake til avisa. Knut Atle Seim var journalist i Ryfylke tidleg på 2000-talet. I dag er han leiar for barnevernet i Indre Ryfylke. Seim er dessutan aktiv i lokal- og fylkespolitikken for Høgre. Saudapolitikken må han vinka far vel til når han tar over redaktør- og dagleg leiarstolen i Ryfylke 1. juni.

Bilete på framsida: Edd Meby (Foto: Avisa Ryfylke)
Bilete på denne sida: Knut Atle Seim (Foto: Avisa Ryfylke)