Nytt styre og fornya spissing

Ryfylkealliansen set seg nye mål og har nytt frontmannskap på dekk.

Tysdag 4. april var det årsmøte i Ryfylkealliansen på Hjelmeland. Margoth Sundsbø frå Sauda vgs held fram i styret og gjer comeback som leiar. Ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland og Hogne Fjellanger frå Tau Næringspark er også med vidare. Nye styremedlemer er Marit Larsen frå Sauda Vekst, Oddvar Vignes frå Øyposten og Elin Rydningen frå Blomen hage og landskap. Varamedlemer er Brynjar Saua frå ASAP Personal og Hans Sæther frå Rytopp. Vel så spennande som styrevalet var samlinga etterpå med fokus på «Korleis når me samla utover Ryfylke sine grenser.» Ein engasjert gjeng på over 30 medlemer diskuterte både mål, meining, bruk av finn.no, Ryfylkedagar i Stavanger sentrum, fokus på utvikling av eigne tettstader, samt kva historie skal me fortelja. At hjarto står i brann for Ryfylke er det ingen tvil om. Du skal ikkje bli overraska om Ryfylke let høyra frå seg i tida framover …

Biletet f.v.:
Margoth Sundsbø, Hogne Fjellanger, Asbjørn Birkeland, Marit Larsen og Oddvar Vignes.
Elin Rydningen, Brynjar Saua og Hans Sæther var ikkje tilstades då biletet blei tatt.