Og vinnaren er: Ryfylke Mat AS!

Ryfylkealliansen gratuler innehavar av Ryfylke Mat AS, Nicholas Guindani, med prisen. Grunngjevinga for prisen får de her.

Merkevareprisen

Ryfylke 2016

er tildelt

Ryfylke Mat AS

Etter fem års drift er Ryfylke Mat blitt ei synleg og solid bedrift i Ryfylke. Firmanamnet gjev forventningar om kva verksemda tilbyr, og den relativt vesle bedrifta leverer i alle ledd!

Gründeren Nicholas Guindani har frå starten bygd stein på stein. I 2014 blei produksjonslokale og butikk opna, og komande vinter er det klart for ytterlegare utviding. Etterspurnaden av produkta aukar, og Ryfylke Mat er blitt ein vesentleg aktør innan matbransjen i Ryfylke under overskrifta: «Produsent og leverandør av unike matopplevingar.»

Ryfylke Mat satsar på vidareforedling av kjøt frå bønder i Ryfylke. Spekemat, pølser, pålegg og andre kjøtprodukt er blitt populært langt ut over heimkommunen Sauda.

I annonser og på internett er Ryfylke Mat tydeleg i kommunikasjonen med å bruka ryfylkelogoen. «Me er medlem i Ryfylkealliansen» lyser mot oss på nettsidene til Ryfylke Mat. Ingen skal vera i tvil om tilhøyrsla til verksemda, og kva nettverk Ryfylke Mat er med i.

Ryfylke Mat har også engasjert seg i produsentnettverket Rymat, noko som gjer at fleire av rymatprodukta også er å finna i butikken til Ryfylke Mat i Sauda. Me registrerer at Ryfylke Mat også engasjerer seg i arbeidet i Ryfylkealliansen, mellom anna med å delta aktivt på samlingane i regi av Ryfylkealliansen.

Ryfylke Mat er ein god og viktig ambassadør for å løfta Ryfylke og regionen sine fortrinn fram!

Ryfylkealliansen gratulerer Ryfylke Mat med ein velfortent pris, og vonar utmerkinga inspirerer til vidare profilering av Ryfylke!

Ryfylke 10.11.2016