Pilt-Ola-prisen

Ryfylkealliansen er klar med rammene for Pilt-Ola prisen som vert delt ut for første gong på Arena Ryfylke i november. No treng me di hjelp for å finna gode kandidatar!

Statuttane § 1 og 2, seier dette om prisen, merk at forståinga av Ryfylke skal vera vid. (Faktisk så vid at det eit år kan vera ein kinesar som mottar prisen)

§ 1

Pilt-Ola-prisen er ein pris i Pilt-Ola si ånd, der ein set fokus på verdiar, visjonar og strategiar Ole Olsen Sangesand blei kjend for. Ryfylkealliansen kan dela ut prisen årleg, gjerne under arrangementet «Arena Ryfylke».

§ 2

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke , som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og (andre) allmenne tiltak.

I vurderinga av kandidatar kan det leggast vekt på:

-       At kandidaten sitt virke og hans/hennar forteljing liknar på dei verdiar, visjonar eller strategiar Pilt-Ola sjølv representerte. Vinnaren blir heidra for å bera vidare ein arv frå Pilt-Ola.

-       At kandidaten ikkje har gitt opp trass i motbakkar

-       At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke

-       At kandidaten sitt prosjekt eller forteljing har eit universelt perspektiv

-       At tildelinga gir god marknadseffekt for Ryfylke.

 

Forståinga av Ryfylke skal vere vid.


I juryen, som og har utarbeida forslaget til statuttane finn du desse:

Eirik Moe, juryformann
Geir Ims
Leif Arild Steen
Audun Rake
Tora –Liv Thorsen

Send inn namn på din kandidat til juryformann, Eirik Moe på eirik.moe@mokleiv.no innan 10. august.

Her kan du lesa heile statuttane og her finn du meir informasjon om Pilt Ola sitt liv og virke