Pilt-Ola prisen til Jon Arne Helgøy

Kven kom til å vinna den første Pilt-Ola prisen? Spaninga var stor under utdelinga på Landa på Forsand torsdag 16. november.

Juryleiar Eirik Moe sa mellom anna dette til vinnar Jon Arne Helgøy: Som Pilt-Ola sjølv viser du raushet i møte med alle – og du er ein dyktig historieforteljar og formidlar. Med di framferd er du slik eit framifrå døme på dette viktig aspektet i all næringsutvikling og -verksemd.

Her finn du film om vinnaren

Her finn du ein lengre versjon av filmen.

Kven var Pilt-Ola? Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814.

Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han blei ein av dei store kjendisane i Norge i første halvdel av 1800-talet.

Foto Jon Arne Helgøy: Øyposten/Håkon Norheim Jonassen
Video og redigering: Halvard Bøe