Retningslinjer

Fondsmidlane skal nyttast til utviklingstiltak for å sikra og auka busettinga i Ryfylkeregionen

VEGLEIANDE RETNINGSLINER FOR BRUK AV MIDLAR I RYFYLKEFONDET

Retningsliner for bruk av midlar frå Ryfylkefondet har sin basis i gjeldande vedtekter for fondet, og der føremålsparagrafen har slik ordlyd:

”Fondsmidlane skal nyttast til utviklingstiltak for å sikra og auka busettinga i Ryfylkeregionen. Midlane skal primært nyttast til infrastruktur og elles tiltak til styrking av busettinga og næringslivet i regionen..

Med Ryfylkeregionen meines innskytarkommunane, samt Strand kommune og Finnøy kommune føresett at desse er medlem av Ryfylke IKS.

Styret kan fastsetje nærare retningsliner for prioritering av tiltak.”

Styret vil med bakgrunn i siste setning i føremålsparagrafen gi nærare retningsliner for prioritering av tiltak innafor føremålsparagrafen for fondet. Styret gjer dette ved å lista opp karakter av tiltakstyper der hovudregelen er at fondsmidlar IKKJE skal nyttast.

1. Tiltak i kommersielle verksemder knytt til investering i nyetablering, utviding og driftstiltak i ordinær drift i eiga verksemd og kapitalutviding og eller sanering av gjeld.

Med ”kommersielle verksemder” meiner ein i denne samanheng verksemder som ikkje er friteken for vanleg skatteplikt etter skattelovgjevinga.

2. Kommunale tiltak innafor vanleg tenesteyting og forvaltning.

3. Tiltak av tiltakshaverar med forretningsadresse utanom definert bruksområde for Ryfylkefondet der verknadene av tiltaket vert vurdert som sekundært for bruksområdet.(regionen)

Styret kan sjølv når særlege grunnar føreligg i enkeltsaker, gjera unntak for fastesette reglar i dette dokumentet, og som likevel ligg innafor gjeldande vedtekter for fondet.

Desse vegleiande retningsliner er fastsett av styre i styremøte 13.06.13