Romslege og engasjerte saudabuar

Det var stort engasjement, spennande diskusjonar, latter og lærdom då frontpersonar i Sauda kommune sette seg på skulebenken tysdag.

HEI-kurs stå på timeplanen, då Leif Arild Steen og Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylkealliansen kom med det splitter nye kursmateriellet om Humor Engasjement og Identitet. Her var tilsette frå Saudahallen, kundetorget, biblioteket, kulturskulen, toppleiinga, samt nokre næringsaktørar. Verdiane ansvarleg, engasjert og romsleg blei dramatisert og diskutert. Og ingen var i tvil om kva Sauda sin visjon «Litt betre kvar dag» nå betyr. Ryfylkequiz, skodespel, humor, lynne, geografikunnskap og korleis taklar me innvendingar, var blant dei mange punkta me også var innom. Ein flott og motivert gjeng!!!