Ryfylke Kunstlag har vandra i 40 år

Få med deg jubileumsutstillinga til Ryfylke Kunstlag i 2018.

Kunstlaget er 40 år i år og feirar med utstillinga «40 år på vandring i Ryfylke». I desse dagar finn du utstillinga på Kulturhuset i Suldal, med eit stort utval kunstnarar frå Ryfylke og Rogaland som stiller ut. Her er oversikten over kor du kan sjå utstillinga i vår:  Suldal Kommune: Suldal Kulturhus, allrommet   3-31 mars  Kvitsøy Kommune: Aktivitetssenteret. 7-8 april  Rennesøy Kommune,  Meieriet 14- 15 april Finnøy Kommune: Ryfylkebiblioteket Finnøy  19-30 april Strand Kommune: Strand Frivilligsentral 4-13 mai  Sauda Kommune: Ryfylkebiblioteket Sauda 19 mai – 3 juni  Hjelmeland Kommune: Spinneriet, Hjelmelandsvågen 8 -17 juni.

Bilete: Torunn Thrall – utan tittel, serigrafi/silketrykk, 2015