Ryfylke viste seg fram

Ryfylke Safari baud på mange høgdepunkt då turoperatørar frå heile verda gjesta Ryfylke sist veke.

Ja, for Ryfylke var tydeleg til stades då NTW blei arrangert i Stavanger. NTW står for Norwegian Travel Workshop, og er ei stor samling der norske og utanlandske turoperatørar møter reiselivsbransjen. Nå skal ein gjera seg lekker. Sist måndag var 18 nysgjerrige turoperatørar frå inn- og utland på safari i regi av Reisemål Ryfylke. Jon Arne Helgøy fekk reiselivsfolket trygt rundt i ryfylkebassenget. Det innebar mellom anna tur til eplemostprodusent Elisabeth Grønvik på Grønvik Gard, til Sterling White Halibut sit kveiteanlegg i Jøsenfjorden, lunsj på Spa-hotell Velvære på Hjelmeland og strandhogg på Jørpelandsholmen. Det var mange som fekk idear om kva dei kan ta med sine kundar på når det gjeld opplevingar i Ryfylke. Og maten, - den var det både nok av og av beste merke!