Ryfylkebyen blir Juletrebyen

På fredag kjem over 200 juletre til Jørpeland. Såpass må det vere når ein tek mål av seg å bli landets einaste juletreby.

Jørpeland er kjent som både Ryfylkebyen og Preikestolbyen. No vil dei også bli Juletrebyen!

I tida fram mot jul vil det vera ulike aktiviteter knytt til juletrea, og det heile blir avslutta med NM i juletrekasting 13.dag jul.
De kan lesa meir om juletrebyen i Strandbuen fredag 18.november, og følgje Juletrebyen Jørpeland på Facebook for oppdateringar.