Ryfylkedagane 2017

Få med deg Ryfylkedagane på Sand i helga!

Ryfylkedagane 2017 går av stabelen 2 - 4 juni. Som alltid er det eit fullteikna program - for besøkjande i alle aldrar.

- Dette er Ryfylke sin eldste festival, som no går av stabelen for 34.gong. Det er eit forventa besøkstal på 3000-3500 frå hyttefolk, nabokommunar, sambygdingar og ryfylkingar, fortel Marit Larsen i Suldal Vekst.

Elles skjer det mykje kjekt under festivaldagane:

- Opning av Fossheim turistkontor med Hageselskap på fredag.

- Sommarfest for ungdom med Ylva frå The Stream 2016. Dette blir ein skikkeleg strandfest med neonlys og neonmåling. her blir det også konkurranse og kåring av beste danseløve, sommarantrekk og sommerflørt.

- KÅRING av Suldals styggaste bad! Verdi kr 175.000 kr. Dei fire finalistene blir presentert på marknadsdag.

- Veteranbilutstilling med bilar frå Ryfylke.

- Ryfylketelt og folkefest med mange spanande musikarar. På fredag speler Byting, på laurdag kjem Blest og Fiddlers Bid.

I tillegg blir det kunstutstilling, andaløp, vassaktiviteter og mykje meir. Ein må også få med seg grilldag på Nesflaten søndag, og konsert med Kristin og Kristin på måndag.

Sjå her for fullstendig program for helga. Og følg også gjerne Ryfylkedagane på Facebook for oppdatert informasjon.

Velkomne til folkefest på Sand og i Suldal.