Ryfylkefondet

Ryfylkefondet sa delvis ja til Forsand kommune sitt ønskje om å setja av 10 millionar kroner frå Ryfylkefondet til tunnel mellom Espedal og Frafjord

Artikkel og bilete er klippa frå Strandbuen 10/6/2016:
‍Tunnelen mellom Espedal og Frafjord har ein prislapp på 730 millionar kroner. (Kart: OpenStreetMap)
Forsand kommune har gått ut og invitert alle nabokommunane til ein brei allianse for å få bygd Espedal-Frafjord-tunnelen. Som kjent har Forsand sjølv sett av 50 millionar kroner til fylkesvegprosjektet som har ein prislapp på rundt 730 millionar kroner. 
Både Strand og Hjelmeland har uttrykt støtte til prosjektet, utan at dei har lova å bidra med pengar. Strand seier i sitt vedtak at dei må koma tilbake til eventuelle summar. Formannskapet i Hjelmeland sa denne veka i sitt svar at det ikkje blei aktuelt med pengestøtte frå Hjelmeland kommune, verken nå eller seinare, men at dei var positive til tunnelen. 
Forsand kommune har også søkt om 10 millionar kroner frå Ryfylkefondet, og har fått eit positivt svar derifrå. 
– Ryfylkefondet løyvde tre millionar kroner, og sa samtidig at halvparten av fondet sine kraftinntekter dei komande åra skulle setjast av til Espedal/Frafjord-prosjektet inntil dei 10 millionane er på plass. Det betyr at denne løyvinga etter alt å døma blir ein realitet, så sant Ryfylkefondet held fram som før etter at inneverande femårsperiode er over i 2018, seier fondsforvaltar Geir Ims. 
Vilkåret for løyvinga er at pengane blir brukte som del av finansieringa av ei reell utbygging. Dei blir ikkje utbetalte til andre formål, som prosjektering eller lobbyverksemd for å sikra ei utbygging. 
– Dette er eit sterkt signal om at Espedal/Frafjord blir prioritert veldig høgt, og det vil få konsekvensar for andre formål Ryfylkefondet har hatt for vane å støtta økonomisk, meiner rådsordførar i Ryfylkerådet, Bjørn Laugaland (Sp).
‍10 MILLIONAR: Geir Ims opplyser at styret i Ryfylkefondet har løyvd inntil 10 millionar kroner til Espedal-Frafjord-tunnelen.