Ryfylkefondet – Kva er det ?

jun 19, 2017 | Ryfylkefondet

Likevel er det ikkje sikkert at alle er like godt kjent med historia, storleiken og funksjonen for fondet i dag.

Ryfylkefondet er eit resultat av Ulla-Førre utbygginga på 1970- 80 talet. Då var det to framsynte ordførarar i Suldal og Hjelmeland som meinte at noko av konsesjonskraftmidlane som ville tilfalla Rogaland fylkeskommune burde koma Ryfylkeregionen direkte til gode gjennom eit eige fond. Og slik vart det. 10 % av krafta skulle plasserast i eit eige fond – og styrt av eit eige fondsstyre. Fondet vart etablert i 1986 med fylkeskommunen som eineinnskytar. Seinare er dette endra fleire gonger. Først ved at Suldal, Hjelmeland og Forsand gjekk inn som innskytarar i fondet, og at Lyseområdet også skulle takast med som «nedslagsfelt» for konsesjonskrafta. Frå 1.1.2013 kom også Sauda med som innskytar i fondet, og likeeins konsesjonskraftmidlar referert kraftanlegg i Sauda.

Ryfylkefondet har på sitt beste forvalta ein fondskapital på ca 55 mill. I dei seinare åra har kapitalen gått kraftig ned som følgje store løyvingar til samferdsel. Ved inngongen av året disponerer Ryfylkefondet ein kapital på ca 30 mill. Årleg inntekt for fondet var 3,7 mill. i 2015 mot 6,8 mill. i 2014. Med dagens kraftprisar er det venta at årets inntekter vil væra ca 2 mill.

Ryfylkefondet sin hovudfunksjon i medhald av vedtektene og utvida retningsliner for bruk av fondet, er infrastruktur og fellestiltak i Ryfylkeregionen som har til hensikt å styrka busetjing og utvikling av næringslivet. Det er her viktig å gjera merksam på at fondet ikkje er finansiell deltakar i enkeltføretak i næringslivet. Fondet går heller ikkje inn med midlar til det ein kallar kommunane sitt primærføremål.

Styret i fondet er fylkesordføraren og innskytarkommunane sine ordførarar .

Styret i 2016 er:

Bjarte Sveinsvoll Dagestad, ordførar i Forsand kommune og styreleiar. Irene Heng Lauvsnes, ordførar i Strand kommune og nestleiar. Bjørn Laugaland, ordførar i Hjelmeland kommune. Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal kommune. Asbjørn Birkeland i Sauda kommune og Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland Fylkeskommune.

Geir Ims er dagleg leiar i Ryfylkefondet og sekretær for styret. Administrativ leiar har fullmakt til å gi løyvingar på inntil 30.000. Dette er løyvingar som i hovudask går som støtte til organisasjonar og enkeltpersonar innafor kultursværen og til idelle føremål av ymse slag.

Arkiv

Relaterte innlegg

Vil du vinna billett til Ryfastløpet?

Vil du vinna billett til Ryfastløpet?

Ryfylkefondet støttar Ryfastløpet og vil dela ut billettar til halvmaratonet til 20 heldige vinnarar! Vil du vinna? Det er veldig enkelt å delta i konkurransen. Berre fyll ut dette skjemaet, med namn, mailadresse og ein setning eller to om kvifor du er glad i Ryfylke....

Pin It on Pinterest

Share This