Ryfylkerådet 20/10/16

Referat vert publisert så snart det er tilgjengeleg

Møtebok for Ryfylkerådet, 20.10.16, Lysefjordsenteret, Forsand.

 Til stades :    Asbjørn Birkeland, Gerd Helen Bø, Bjørn Laugaland, Irene Lauvsnes, Bjarte Dagestad,  Dag Flackè,   Øyvind Valen, Jon Ola Syrstad,

Andre:            Fredrik Fløgstad frå Nasjonale Turistvegar, Tor Arne Borge frå Greater Stavanger,  Torkel Mykebust.

Orienteringar:         

Fredrik Fløgstad, strekningsansvarleg for  Nasjonal Turistveg Ryfylke, orienterte om Nasjonale Turistvegar generelt og deira planar for Nasjonal Turistveg Ryfylke framover.

Tor Arne Borge frå Greater Stavanger,  orienterte om arbeidet i «Ruteutviklingsforum»; ruteutvikling på Sola flyplass og betydning det har for nærings- og reiselivsutvikling i regionen. Ryfylke vart inviterte til å delta i Ruteutviklingsforum.

  

SAK 30/16    Godkjenning av innkalling og sakliste.

Samrøystes godkjenning.

 

SAK 31/16    Nasjonal Turistveg Ryfylke, prosjektomtale.

Samrøystes vedtak:

Ryfylkerådet sluttar seg til vedlagde prosjektomtale med fylgjande presiseringar:

-       Alle kommunane skal vera prosjektpartnerar.

-       Odda kommune bør inviterast inn i prosjektet.

-       Det er ordførarane, ikkje Ryfylkerådet, som er styringsgruppe for prosjektet.

Ryfylkerådet  ber om at det i samarbeid med Reisemål Ryfylke vert arbeidd vidare med deltaking i, og finansiering av, prosjektet. Oppstart bør vera så tidleg om råd i 2017.

                       

SAK 32/16    Regionalplan for sjøareal – havbruk.

Samrøystes vedtak:

Ryfylkerådet har fylgjande innspel til planen:

·Me saknar ein tydlegare målstruktur i sjølve planen. Visjon/hovudmål og evt delmål bør gå fram  av planen sjølv om Akvakulturstrategien av 2011 ligg i botn.

·Tiltaka (1-9) inneheld viktige problemstillingar som kommunane har ansvar for å avklara. «Samhandling, samsnakking og samordning, mellom kommunar og ikkje minst ulike arealbruksinteresser, er avgjerande dersom ein skal kunna auka produksjonen av sjømat i Rogaland slik målsettinga er. Tiltaka er gjennomgåande formulert som oppmodingar. Dette synest noko vagt. Innanfor eit så viktig regionalt satsingsområde må ein kunna be kommunane om å gjera nødvendige avklaringar og prioriteringar. Svara frå dei ulike kommunane kan sjølvsagt likevel vera ulike.

·Handlingsprogrammet er eit godt utgangspunkt for arbeidet vidare.  Me trur det er viktig at fylkeskommunen tek ein aktiv rolle i oppfylgjinga, gjennom å organisera dette som eit prosjekt.  Ryfylkekommunane må ha ein tydeleg posisjon i dette arbeidet framover, gjennom Ryfylke IKS. Ressursbruk til kunnskapsinnhenting og kartlegging bør skje i nært samarbeid med næringa.

·Det svekkar planen at den er avgrensa til berre å omhandla sjøareal. Utviklinga innan oppdrettsnæringa med nye produksjonsmetodar og bruk av ny teknologi, medfører større behov for landareal og ferskvannsressursar. Difor trengst det ei samordna planlegging av areal både i sjø og på land, dersom ein skal kunna sikra ei god utvikling av næringa framover.

     

Sak 33/16     Orienteringssaker.                      

a)    Gjennomgang av handlingsplan, rapport pr. 10.10.16

Samrøystes vedtak:

Rapporten vart teken til vitande.

  

Sak 34/16     Ymse:

Ein drøfta mogeleg deltaking i Ruteutviklingsforum og vart samde om at Irene Lauvsnes, som styremedlem i Greater Stavanger, vert vårt kontaktpunkt mot forumet.

                      

Møtet heva kl 18.30

 

Hjelmeland, 24.10.2016

Torkel Myklebust

dagleg leiar.