Ryfylkerådet 3 juni 2016

Møtebok

Ryfylke IKS

Til stades :             

Andre:                      

SAK 17/16  Godkjenning av innkalling og sakliste.

Samrøystes godkjenning.

SAK 18/16  Handlingsplan 2016-2017. Rapportering pr. 23.05.2016

Rapport var send ut på førehand og vart gått gjennom.

Vedtak: Rapporten vart teken til vitande (samrøystes)

                                   

SAK 19/16 Orienteringssaker.

«Flyktningeprosjektet». Geir Ims gav munnleg orientering. Prosjektet er i gong, men enno i ein startfase. Første prioritet er å skaffa språkpraksisplassar.

Nasjonal Turistveg. Tilbakemelding frp Vegdirektøren om at RIKS har fått gjennomslag for vårt ynskje om på behalda ytre delen av vegen, samt rundtur i Indre. Ny strekningsansvarleg frå Vegvesenet si side er Fredrik Fløgstad.

Utdanning i Regionane (UiR). Etter møte i Opplæringsutvalet er løyving på 500.000 kr klar for 2016. Ny sak til hausten der ein vurderer fylkeskommunen si samla kursverksemd.

ATP Ryfylke. Ryfylke IKS sin rolle? Det vert laga notat om framlegg til ATP Ryfylke, til neste rådsmøte i august.

Profilering, heimeside og facebook. Ein viste dei nye sidene. Rådet gav ros for arbeidet.

Ryfylketinget. Det kom innspel på tema som URegional Utviklingskapasitet, fr. workshop i  samband med Byregionprogrammet. Det kom og innspel på tema rundt folkehelse i plansamanheng.

Kontaktmøte i kommunestyre. Avtale på plass i Hjelmeland. Bad om innspel frå dei andre kommunane.

               

Sak 20/16 Ymse

Det var ingen saker på ymse.

                 

Møtet heva kl 18.00

Hjelmeland, 06.06.2016

Torkel Myklebust

dagleg leiar.