Ryfylkerådet 7 april 2017

Møtebok for Ryfylkerådet, 07.04.2017, Sande næringsbygg, Hjelmeland.

Til stades :    Bjørn Laugaland, Asbjørn Birkeland, Gerd Helen Bø, Irene Lauvsnes, Bjarte Dagestad, Jon Ola Syrstad, Øyvind Valen, Wictor Juul

Ikkje til stades: Andreas Fløgstad, Søren Jensen.

Andre:            Geir Ims, Torkel Myklebust.

Møtestart kl 09.00.

 

I starten av møtet var det  fylgjande orienteringar:

Utdanning i Regionane (UiR) ved Hans Hylen Solberg. Det vart orientert om gjennomførde utdanningar /kurs og framtid for UiR, og om mogeleg oppretting av karriererettleiingssenter i Ryfylke.

Når det gjeld finansiering av UiR for 2017 må det avklarast om tidlegare løyving i Ryfylkefondet kan dekke Ryfylke sin del.

 

Sakliste:

 

SAK 07/17    Godkjenning av innkalling og sakliste.

                       Samrøystes godkjenning.

 

SAK 08/17    Flyktningeprosjektet, forslag om avsltting.

                       Samrøystes vedtak i tråd med innstilling:

Prosjektet blir avslutta. Resterande ressursar blir nytta der behovet er størst og etter avtale med kommunane.

           

SAK 09/17    Handlingsplan til «Reiselivsplan for Ryfylke 2013-2028», rullering

                       Samrøystes vedtak i tråd med innstilling:

                       Handlingsplanen vert godkjend slik den ligg føre.

 

SAK 10/17   Akvakulturnæring i Ryfylke – mogeleg fellesfunksjon

                       Framlegg til vedtak:                      

Ryfylkerådet tek saka førebels til orientering.

Dagleg leiar vert beden om å arbeida vidare med sikte på etablering av fellesfunksjon for oppfylgjing av akvakulturnæringa i Ryfylke med utgangspunkt saksutgreiinga ovanfor og kommentarar frå rådmennene.

Fylgjande punkt må avklarast nærare:

·      Mogeleg samarbeidsform med Blue Planet.

·      Finansieringsmodell.

·      Mogeleg deltaking frå Vindafjord, Tysvær og Finnøy.

Ny sak skal leggjast fram for Ryfylkerådet.

 

Øyvind Valen sette fram slikt forslag:

1.    Ryfylkerådet tek saka førebels til orientering

2.    Dagleg leiar vert beden om å arbeida vidare for å få vurdert etablering av fellesfunksjon for havbruksnæringa i Ryfylke med utgangspunkt i saksutgreiinga og innspel i møtet.

3.    Ny sak skal leggjast fram for Ryfylkerådet.

 

Samrøystes vedtak i tråd med forslag frå Øyvind Valen:

4.    Ryfylkerådet tek saka førebels til orientering

5.    Dagleg leiar vert beden om å arbeida vidare for å få vurdert etablering av fellesfunksjon for havbruksnæringa i Ryfylke med utgangspunkt i saksutgreiinga og innspel i møtet.

6.    Ny sak skal leggjast fram for Ryfylkerådet.

 

 

SAK 11/17   Handlingsplan for Ryfylke IKS – rapportering pr. 01.04.17

                           Samrøystes vedtak i tråd med innstilling:

                 Rapporten vert teken til vitande.

 

SAK 12/17   Ferjerute Hjelmeland – Nesvik – Skipavik, høyring.

                       Samrøystes vedtak i tråd med innstilling:

                       Ryfylkerådet har fylgjande merknadar til høyringsframlegget:

·      Ryfylkerådet er positive til at ny miljøvenleg teknologi kan takast i bruk i fergesambandet over Jøsenfjorden.

·       Det må leggjast til rette for at straumnettet tåler belastninga av den nye miljøvenlege teknologien.

·       Ryfylkerådet ber om at dagens ruteopplegg vert oppretthalde fram til eventuelle nye miljøvenlege ferger vert tekne i bruk.

·       Ved eventuelt nytt ruteopplegg ber Ryfylkerådet om at alternativ B vert valt.

·      Ryfylkerådet ber om at saka om ruteopplegget vert sendt ut på ny høyring når det er klart kva for teknologi som vert teken i  bruk.

·      Ryfylkerådet ber om at ein prøver å koordinera fergeanløpa på Skiparvik og Eidssund betre enn i dag.

 

SAK 13/17   Langsiktige tiltak, Stiftelsen Preikestolen, høyring.

                       Framlegg til vedtak:

                       Ryfylkerådet tek plandokumentet til vitande med fylgjande innspel:

·      Planen legg opp til at investeringar i stor grad må dekkast av eksterne offentlege/private midlar. Med dei besøkstal ein her ser føre seg, trur me Stiftelsen og regionen vil vera tent med ei tydeleg målsetting om at brukaren/publikum i større grad betalar for naudsynt drift og naudsynte investeringar.

 

·      I grunnlaget vert det slått fast at Stiftelsen Preikestolen sin aktivitet skal skje  i Parkeringsområdet for Preikestolen og på stien til- og frå Preikestolen. Men det er med ei formulering om at det er naudsynt  å famna om eit større geografisk område. Dette kan vera fornuftig, men det bør avklarast med dei andre aktørane om  Stiftelsen Preikestolen skal overta heile eller delar av arbeidet som t.d.  Lysefjorden Utvikling utfører i dag.

 

·      Det er gledeleg, og det er ønskeleg, at dei berørte grunneigarane har del av  inntekter frå dei besøkjande. Frå utsida ser det noko «usymmetrisk ut» når grunneigarane ikkje deltek i investeringar som mest sannsynleg vil auka framtidig inntening.

·      I samband med Byregionprogrammet har ein vore oppteken av å utvikla Jørpeland som ein attraktiv  del av reiseruta til Preikestolen både frå sjø og land. Slike tiltak vil redusera trong for utbygging av infrastruktur i Preikestols-området, gjera det lettare å styra trafikktoppar og auka lokal verdiskaping.

 

·      Planen har stor fokus på investeringsbehov og investeringsstøtte og mindre fokus på den store årlege inntekta som er stipulert til 10.000.000 årleg, og som bør kunna aukast. Sjølv om Stiftelsen Preikestolen er ei «non profit» organisasjon bør ein arbeida  for å optimalisere inntektene slik at dei dekkjer naudsynt drift, vedlikehald og investeringar.

 

Bjarte Sveinsvoll Dagestad sette fram forslag om å ta ut setning nr. 2 i kulepunkt 3.

Votering: 5 stemte for innstillinga, 1 for forslaget frå Dagestad.

Det er då gjort slikt vedtak:

Ryfylkerådet tek plandokumentet til vitande med fylgjande innspel:

·      Planen legg opp til at investeringar i stor grad må dekkast av eksterne offentlege/private midlar. Med dei besøkstal ein her ser føre seg, trur me Stiftelsen og regionen vil vera tent med ei tydeleg målsetting om at brukaren/publikum i større grad betalar for naudsynt drift og naudsynte investeringar.

 

·      I grunnlaget vert det slått fast at Stiftelsen Preikestolen sin aktivitet skal skje  i Parkeringsområdet for Preikestolen og på stien til- og frå Preikestolen. Men det er med ei formulering om at det er naudsynt  å famna om eit større geografisk område. Dette kan vera fornuftig, men det bør avklarast med dei andre aktørane om  Stiftelsen Preikestolen skal overta heile eller delar av arbeidet som t.d.  Lysefjorden Utvikling utfører i dag.

 

·      Det er gledeleg, og det er ønskeleg, at dei berørte grunneigarane har del av  inntekter frå dei besøkjande. Frå utsida ser det noko «usymmetrisk ut» når grunneigarane ikkje deltek i investeringar som mest sannsynleg vil auka framtidig inntening.

·      I samband med Byregionprogrammet har ein vore oppteken av å utvikla Jørpeland som ein attraktiv  del av reiseruta til Preikestolen både frå sjø og land. Slike tiltak vil redusera trong for utbygging av infrastruktur i Preikestols-området, gjera det lettare å styra trafikktoppar og auka lokal verdiskaping.

 

·      Planen har stor fokus på investeringsbehov og investeringsstøtte og mindre fokus på den store årlege inntekta som er stipulert til 10.000.000 årleg, og som bør kunna aukast. Sjølv om Stiftelsen Preikestolen er ei «non profit» organisasjon bør ein arbeida  for å optimalisere inntektene slik at dei dekkjer naudsynt drift, vedlikehald og investeringar

 

 

SAK 14/17   Forslag til NTP 2018-029, oppfylgjing

                       Framlegg til vedtak:

Ryfylkerådet krev  oppstart av rassikring av RV 13, i Rødsliane, i første del av planperioden. 

Seinast i siste del av planperioden forventer me oppstart av lang Årdalstunnel (Melkeråna-Årdal).

Før opning av Ryfast må det vera etablert gang- og sykkelvei mellom Jørpeland og Tau. 

Vidare må rassikringstiltak langs Øvre Lonevatn på  RV 13,  med lang tunell på vestsida av Øvre Lonevatn, prioriterast. 

 

Rådsordførar sette fram forslag om å endra orda oppstart til ferdigstilling.

 

Samrøystes vedtak i tråd med forslag frå rådsordførar:

Ryfylkerådet krev  ferdigstilling av rassikring av RV 13, i Rødsliane, i første del av planperioden. 

Seinast i siste del av planperioden forventer me ferdigstilling av lang Årdalstunnel (Melkeråna-Årdal).

Før opning av Ryfast må det vera etablert gang- og sykkelvei mellom Jørpeland og Tau. 

Vidare må rassikringstiltak langs Øvre Lonevatn på  RV 13,  med lang tunell på vestsida av Øvre Lonevatn, prioriterast. 

 

SAK 15/17   Dagleg leiar i Ryfylke IKS – rekruttering.

                       Samrøystes vedtak:

·      Ryfylkerådet ber styret vurdera andre løysingar enn tilsetting av ny dagleg leiar på noverande tidspunkt.

·      Dagleg leiar  vert beden om  å koma tilbake til rådet me ei sak der ein vurderer framtida for selskapet m.a. i lys av  ny kommunestruktur

 

Sak 16/17     Orienteringssaker:

                      

a)    Prosjektrapport – overordna vurdering av kraftsystem ved utvalde lokasjonar for datasenter og annan kraftkrevjande verksemd i Rogaland.

Orienteringa gjekk ut. Det vert orientert om rapporten i eige temamøte 31.05, i Suldal. Før det får kommunane tilsendt «sin del» av rapporten.

 

Sak 17/17     Ymse.

a)    Styreval 2017.

                       Rådsordførar og rådsvaraordførar førebur val av styre til årsmøtet 2017.

b)    «Trafikkplan for Ryfylke 2019» blir eiga sak i Ryfylkerådet 08.06.17

 

Møtet heva kl 12.15

 

Hjelmeland, 06.02.2017

Torkel Myklebust

dagleg leiar.