Ryfylkerådet og årsmøte Ryfylke IKS

Årsmøte i Ryfylke IKS og møte i Ryfylkerådet vart avhelde på hotell Victoria i Stavanger 8/6/17.

ÅRSMØTE RYFYLKE IKS

 

Representantskapen 08. juni 2016

Victoria Hotel, Stavanger. Kl. 08.30 – 09.00

SAK 01/17 Godkjenning av innkalling og sakliste 

SAK 02/17 Val av 2 representantar til å underteikna protokollen 

SAK 03/17 Årsrekneskap for 2016, sjå vedlegg med revisjonsmelding. 

Framlegg til vedtak: Årsrekneskapen for 2016 vert godkjend slik den ligg føre. 

SAK 04/17 Årsmelding for 2016, sjå vedlegg 

Framlegg til vedtak: Styret si årsmelding for 2016, vert godkjend slik den ligg føre. 

SAK 05/17 Val av styre og styreleiar.

Noverande styre, Hallgeir Amal (styreleiar), Thorhild Pedersen og Laila Steine, er alle på val. Det same gjeld varamedlemmene: 1. vara er Torstein Haukali og 2. vara er Svanhild Løge Skålheim.

Nytt styre skal etter selskapsavtalen veljast for 2 år. Valnemnda si innstilling: Attval på Hallgeir Amdal som styreleiar og Laila Steine som styremedlem. Trond Hjorteland ny styremedlem. Attval på varamedlemmene.

Sak 06/17 Fastsetting av styrehonorar.

Framlegg til vedtak:

Styrehonorar vert uendra. Styreleiar, fast godtgjersle pr. år, kr. 10.000,-. Styremedlem, fast godtgjersle pr. år, kr. 5.000,-. Møtegodtgjersle kr. 2000,- pr. møte.

SAK 07/17 Orienteringssaker

Årsrekneskap 2015 for Ryfylkefondet

I samband med årsmøtet vert det også lagt opp til ein ordinært møte i Ryfylkerådet. Innkalling og sakspapir til dette møtet kjem 8 dagar før møtet. Eventuelt forfall må meldast til post@ryfylkeiks.no så snart som råd.

Hjelmeland, 02. mai 2017 Bjørn Laugaland leiar

Møte i Ryfylkerådet

RYFYLKE IKS

Møte i Ryfylkerådet, 08.06.2017, kl. 09.00-11.00, Victoria Hotel, Stavanger

Møtet startar straks etter at årsmøtet er ferdig. I starten av møtet får me fylgjande orientering:

Informasjon om Byregionprosjektet i Ytre Ryfylke v/ Aslaug Tveit, Levar.

SAKLISTE:

SAK 18/17 Godkjenning av innkalling og sakliste.

SAK 19/17 Trafikkplan for Ryfylke 2019

Forslag til vedtak: Sjå saksutgreiing.

SAK 20/17 Møtearena for næringsutvikling i Ryfylke.

Forslag til vedtak: Sjå saksutgreiing.

SAK 21/17 Prosjektplan, utvikling av datasenterlokasjonar i Rogaland.

Forslag til vedtak: Sjå saksutgreiing.

SAK 22/17 Orienteringssaker.

a)  Oppfylgjing av forslag til NTP b)  Styret sitt arbeid med mellombels tilsetting av ny dagleg leiar.

SAK 23/17 Ymse

Moglege forfall må meldast til post@ryfylkeiks.no eller på tlf. 41447800

Ryfylke IKS, 29. mai 2017

Bjørn Laugaland, Rådsordførar

Torkel Myklebust, Dagleg leiar