Rygerdronningen døypt av "prinsesse" Ingrid

Så er Rødne sitt majestetiske skip døypt. 13 år gamle Ingrid Rødne, oldebarnet til stiftar Ludvik, døypte båten frå Strandkaien i Stavanger.

Med hornmusikk og pomp og prakt, knuste champagneflaska på første forsøk. Deretter var det ut på seilas for gjestane, som let seg imponera av den nesten 40 meter lange båten med plass til 297 passasjerar. Ryfylkekokken Frode Selvaag baud på herleg lokal mat både om bord, og i land på Helleren i Lysefjorden. Varme ord, takk og pris, Fantahålå og Preikestolen stod også på programmet, sjølvsagt med Dronning Maud-pudding til dessert. Litt av ein dåpsfest!