Satsar med kafe i Folkets Hus

Ekteparet Nicholas Guindani og Janne Hindrumsen byksar uti ei frisk satsing. 23. mai opnar dei «Kraft Kafe» i det nye Folkets Hus i Sauda.

Det er fire månader før det renoverte Folkets Hus opnast for fullt. For kafedelen i nybygget blir klart til Saudadagane i mai, og då kan Nicholas og Janne venta seg storinnrykk. Nicholas driv frå før Ryfylke Mat i Sauda, som satsar på lokal kjøtproduksjon i Ryfylke. Det er også Ryfylke Mat som står for kafedrifta i Kraft Kafe, som får tre tilsette i full stilling med Janne som dagleg leiar. I tillegg til kafeen vil eit nytt selskapslokale i bygget vera klart, så Ryfylke Mat får fleire bein å stå på. Og 20. september blir heile bygget opna, med festførestillingar og arrangement for unge og gamle. Folkets Hus i Sauda er eit bygg frå 1931. Nå blir Norges flottaste fagrørslebygg pussa opp og ombygd, og blir frå september kulturhuset i Sauda. Ryfylke Mat ved Kraft Kafe vil vera eit av trekkplastera for bygget, og Nicholas og Janne får altså tjuvstarta bruken i mai. Det kan bli ein spennande sommar!