Saudaalliansen til topps med Ryfylkealliansen

Første skulefinale er gjennomført i årets Ryfylkequiz.

Ivrige og flinke 8. klassingar ved Sauda ungdomsskule imponerte stort i kommunevåpen og geografi. Finteljing måtte til for å finna ut kva tre lag som skulle vidare til superfinalen. Der blei Sauda-alliansen for sterke for KIM K og Sauda Boys. Så jentetrioen Karen, Sofie og Rebekka frå 8A er klare for den store Ryfylkequizfinalen i Sauda 24. mai. Då møter dei vinnarane frå dei seks andre ungdomsskulane i Ryfylke. Skulefinalane der blir avhaldne neste veke.

  

Framme f.v:
Vinnarlaget Saudaalliansen: Rebekka Ringstrand, Sofie Lucas, og Karen Nes Rasmussen

Bak f.v:
Kristine Ljung, Ida Øverland, Mia Hillestad, Okash Abdi, Ådne Høiland og Tangtang Løvik