Sikring i Brattlandsdalen

VEGUTGREIING FOR RV 13 BRATTLANDSDALEN

RyfylkeIKS har overteke prosjektansvaret for dette arbeidet frå IS Fjordvegen. Dette prosjektet skal gje grunnlag for å oppdatera planarbeidet og konkretisera tiltak for sikker veg med gul stripe slik at strekninga kjem inn på NTP 2018-2027.

Bakgrunn for arbeidet Riksveg 13 er den indre stamvegen på Vestlandet gjennom 3 Vestlandsfylke. Vegen er livsnerva for innbyggjarar og næringsliv i kommunane han går gjennom. Riksveg 13 har dei sist 10 åra stadig blitt oppgradert med mange store og mindre vegprosjekt som anten er gjennomførte, under arbeid, eller på planstadiet langs vegen. Men det er mange smale parsellar og skredfarlege strekningar som treng utbetrast og rv.13 er den riksvegen som har lågast prosent riksvegstandard. Aust Vest Utgreiinga frå Samferdselsdirektoratet tilrår å etablera E 134 som ein hovudveg mellom vest-aust, og rv.13 vil kryssa E 134 i Røldal og knyter Ryfylke til stamvegen. Den store flaskehalsen for denne tilknytinga er vegstandarden og skredfaren på rv.13 strekninga Nesflaten – Håra gjennom Brattlandsdalen. Dette prosjektet skal gje grunnlag for å oppdatera planarbeidet og konkretisera tiltak for sikker veg med gul stripe. Dette prosjektet skal gje grunnlag for å oppdatera planarbeidet og konkretisera tiltak for sikker veg med gul stripe slik at strekninga kjem inn på NTP 2018-2027.

Sjå sikringstiltak med kostnadsanalyse her