Strålande juletreår i Ryfylke

Den største juletregrossisten i Norge, Norsk juletreservice, melder om eit godt år i 2016. Over 40 000 juletre vart sende ut frå produsentar i Ryfylke og Hardanger.

Sjølv om det er den norske marknaden som er viktigast, vart det i fjor selde tre både til Nederland, Tyskland, Austerrike og England, melder Norsk juletreservice As. Grossisten er eigd av juletreprodusentar på Vestlandet, og dei melder at dei selde alt av tilgjengelege trær i 2016. Forholda skulle såleis ligga til rette for auka sal neste år, og dei ser lyst på framtida i ei pressemelding sendt ut på nyåret 2017:

- Det er rom for fleire dyktige juletredyrkararar og marknadane etterspør fleire norske kvalitetstre. Norsk Juletreservice AS har i fleire år arbeida for denne utviklinga, og det mest synlege er kanskje merkevaren Fjordtree som byggjer på juletre av Fjelledelgran. Dette er eit treslag som egnar seg særs godt til juletre i både form og farge, og det produserer godt i vestlandske fjordar. Etter kvart blir dette eit 100% lokalt produkt då frø er sanka i lokale bestand Fjelledelgran i Ryfylke heiane. Til våren er det planter frå desse frøa er på veg i jorda hjå juletredyrkararar i Ryfylke og Hardanger