Sylskarpe Finnøyelevar

Ungdomane frå Finnøy har tatt ein førebels klar tetplass når det gjeld Ryfylkequizen for 8. klassingar.

Med 40,44 og 48 poeng av 63 moglege sette dei tre beste laga ein sterk standard i innleiande rundar. I sjølve finalen trekte Finnøygruppå det lengste strået mot Finnøy b-team og Ryfylke-mesterene. Nora Kveane Amdal, Adrian Heggelund Nilsen og Vibeke Landa gler seg til Saudatur 24. mai, når den store finalen blir. Og om finnøyelevane så langt har vore skarpast, ja så startar alle sju lag på null i Sauda. Nå er skulefinalane på Tau, Hjelmeland, Forsand og Jørpeland rett rundt hjørnet.


Bilete på framsida: f.v. Kristoffer Milje, Kristian Vastveit, Vibeke Landa, Tonje Bergeland, Adrian Heggelund Nilsen, Freya Mjølsnes, Nora Kveane Amdal, Ingeborg Bakka Tungland, Anne Horve.