Tau til topps i nervedrama

Rope Buddies frå Tau er meistrar i Ryfylkequiz for 8. klassingar. I finalen i Sauda onsdag vann dei med eitt fattig poeng. Og det måtte ekstraomgangar til for å avgjera dei neste plassane.

Meir enn 150 ungdomar var samla i Sauda Kino då den årlege Ryfylkequizfinalen blei avvikla i høve Saudadagane. Sju skarpe lag frå heile Ryfylke var med i kampen heilt til slutt. Og spenninga blei først utløyst då den aller siste poengsummen blei lesen opp frå hovuddomar Odd Magne Hetlelid frå Hjelmeland Sparebank. Rope Buddies vann eitt lite poeng føre laga frå Finnøy, Suldal og Jørpeland. Dei tre neste måtte ut i ekstraomgangar før Finnøygruppå stakk av med andre plassen, tett etterfølgd av Dreamteam frå Sand Ungdomsskule i Suldal. Ryfylkealliansen er arrangør av Ryfylkequizen, med Hjelmeland Sparebank som medspelar. Dei tre vinnarlaga fekk feite gåvesjekkar frå banken, og alle sju laga mottok tøffe premiar. Neste år er det nye skulefinalar og superfinalen ein annan stad i Ryfylke. Gled deg.

Biletet på framsida: Vinnarlaget fv Ole Martin Feyling, Tomine Ravnås , Sina M Barka
Stort bilete: Alle finalelaga samla, med dei tre beste laga i fremste rekke.