Techsperience dokumentasjon

Her finn du presentasjonane og resultata frå samlingane

SAMLING 1: 19/10/2016

Første samlinga var på X2 Innovation Center i lokaler som synte seg svært godt egna til presentasjonar og gruppearbeid - takk til Elisabeth, Christian og Inger Hanne i X2 for godt vertskap.

X2 Innovation Center på Siriskjær i Stavanger

Her er deltakarane på Techsperience samling 1!

Starten

Tor Øyvind Skeiseid og Leif Arild Steen starta dagen med ein sketsj om to karar på fjelltur til Preikestolen og satte fokus på bruk av teknologi i naturen. Dei to karane gav oss med humor ei nyttig påminning til oss alle i Techsperience om å tenka godt gjennom korleis ein skal nytta teknologi eller ikkje.

Turistar frå Finnøy på Preikestolen!

Tor Øyvind intervjua oppstartarane av Techsperience: Liv Jorunn Tjelmeland, Reisemål Ryfylke, Margareth Idsøe, Nordsjøvegen, Tor Arne Johnsen, Strand Kommune og Marit Synnøve Vea, Avaldsnes om kvirfor Techsperience er viktig for dei. Fellesnemnar var behov for å auka innsikt i bruk av teknologi for å gje turistane nye opplevingar, opplevingar dei gjerne vil betala for.

Innleiing til Techsperience ved Ketil Barkved, Ryfylke IKS

Sjå heile presentasjonen her (23MB)

Inger Hanne Vikshåland - tankar om turisme

Inger Hanne tok utgangspunkt i turisten sin situasjon. I planlegging av tur, på tur og etter tur. Her var mange gode innspel. Å ta kontroll over sosiale media så som Trip Advisor er svært viktig og dette krev innsats og ressursar, gjer ein det ikkje sjølv er det turistane åleine som styrer kva som vert publisert!

Inger Hanne sin presentasjon finn du her.

NCE Tourism ved seniorkonsulent Per Gunnar Hettervik 

heldt eit spanande innlegg om utviklingstrender innan turisme med fokus på opplevingar. Per Gunnar oppfordrar industrien til å stimulera "Adventure Tourism" delen av turistnæringa som er rekna å stå for 40-50% av omsetninga innan 2020!

Sjå heile presentasjonen her (50MB)

NCE Media - Rune Smistad om prosjektet Vidden

Rune gav oss eit godt innblikk i bruk av teknologi for å gje brukarar av fjellområdet "Vidden" i Bergen nye opplevingar ved hjelp av teknologi. Her var fleire ting som er relevante for Techsperience og me vil heilt sikkert nytta høve til å få vita meir etterkvart som delprosjekta vert tekne i bruk. Mobiltelefonen er vald som grensesnitt til teknologien - og alle løysingane må ta omsyn til det.

Me ventar på innlegget til Rune og publiserer så snart råd er.

Arbeidsøkt

Me vart delt i 3 grupper som skulle fokusera på kva behov Nasjonal Turistveg Ryfylke, Nordsjøvegen og Avaldsnes har for nye opplevingar og løysingar. Her kom det mange gode forslag som vert akuelle å handsama i siste samling, 29/11/16.

Nasjonal turistveg Ryfylke og Jæren - Silja Lena Løken, Statens veivesen

Silja gav oss eit godt innsyn i Nasjonale turistvegar arbeidet. Med utvidinga i indre Ryfylke, Sauda og Suldal, ligg det til rette for utvikling av gode opplevingar for besøkande. Techsperience ser på samhandling med Statens Vegvesen sitt turistkontor på Lillehammer som ein spanande moglegheit og vil gjerne diskutera me dei korleis materiale og innhald kan nyttast i lokale løysingar.

Sjå heile presentasjonen her (22,5 MB)

Digitale skilt og informasjonssystem - Danlel Brattelig og Audun Taraldsen ATEA

Atea orienterte om bruken av informasjonsskjermar i ulike settingar. Skjermar, store og små er ein del av informasjonsflata til besøkande i turistområde. Kopla med moglegheit for datafangst, t.d. ved fotoanalyse av kven som ser på kan ein nytta big data analyse for å finna bruksmønster, kor lenge dei ser på skjermen og meir. Her er mange bruksområde innan salg, marknadsføring, informasjon og beredskap.

Me ventar på innlegget til Atea og publiserer så snart råd er.

Droner - Kirsten Madland Apropos

Bruken av droner er til båe til nytte og irritasjon og er ei verksemd som gradvis er vorten regulert. Kirsten gav oss døme på bruk av drone og kva reglar som gjeld for bruk. Det er ikkje tvil om at dronefilming, gjerne kopla med andre informasjonskjelder som augmented reality gjer det mogleg å laga kosteffektive presentasjonar.

Me ventar på innlegget til Apropos og publiserer så snart råd er.

SAMLING 2: 14/11/2016 09.30 - 15.30 i X2 Innovation Center

Denne samlinga har me også fått gode foredragshalderar - dette vert ein god oppfølgar til første samling!

Virtual reality/augmented reality er nå tilgjengeleg til fornuftige prisar og kunnskap om bruk finns lokalt. Selskapet Double Think vil fortella om kva som er mogeleg og Magma Geopark vil gje ei orientering om korleis dei har nytta teknologien i presentasjonen av områda sine.

E-commerce er ryggraden i pengeflyten i dag. Knowit i Stavanger vil orientera om og reflektera over smart bruk av e-commerece for turismeforetak. Her må ein både tenka at ein må vera god ut mot dei besøkande men samstundes og sørga for god "hushaldning" i interne system for å frigjera tid og sørge for god styring av bedriftene.

Eit døme på e-commerce er nettverksøkonomi, korleis kan små aktørar også ha ein plass i den store marknaden? Det tek Sjur Paulsen oss med på korleis det kan gjerast. Kanskje er dette svaret på super-app'en for turisme?

Gode beslutningar treng godt beslutningsgrunnlag. Delfi-data i Stavanger vil gje oss døme på nye måtar å henta inn og analysera data på. Her vert det mykje spanande og me skal forsøke å definera kva Big Data for turisme kan vera og korleis det kan nyttast.

Teknologi utan ein god forretningsmodell er til lite nytte. UiS vil snakka om forretningsmodellar og utvikling av slike.

Me skal ha ei gruppeoppgåve som sist, korleis kan me nytta oss av det me har lært i Techsperience?

Då håpar me å sjå så mange som mogeleg på X2 Innovation Center 14/11/16!

SAMLING 3: 29/11/16

Utvikling av pilotar var tema på siste samlinga.