Besøk ryfylke

besøk ryfylke

Me vil gjerne hjelpa deg til å finna fram i vårt mangfaldige og ekte Ryfylke

Klikk på kartet for større kart

Ryfylke er stort. Ja, Ryfylke er halve geografien av Rogaland fylke. Frå Forsand i sør til Sauda i nord, og Finnøy og Rennesøy i vest, har du eit stort spenn av opplevingar. Det gjeld både den spektakulære og forfriskande naturen, eit triveleg og jordnært folkeslag, særmerkt arkitektur, levande bygder, kortreist mat, industri, jordbruk og sørvis.

Overnatting

Gode senger og godt vertskap. Flotte omgjevnader og pust i bakken. Besøk både små og store overnattingsplassar i Ryfylke:

Sjå fleire overnattingsplassar i Ryfylke her.

Kultur

Ryfylke er alt frå majestetiske Preikestolen til den stillferdige dalen. Kultur og naturopplevingar går hand i hand. I Ryfylke møter du både kulturutøvarar og dei som viser deg vegen til våre attraksjonar.

Sjå fleire attraksjonar i Ryfylke på Museer og kunst i Ryfylke

Aktivitetar for barn i Ryfylke

Mat

Den som har smakt på Ryfylke, kjem gjerne tilbake. Ikkje minst grunna maten. Reine råvarer og produkt av beste sort. Vinnarar av matkonkurransar, dyktige kokkar og matskattar av høg, høg kvalitet. Bli kjent med våre produsentar, serveringsstader og matentusiastar.

Matproduksjon
Servering / Utsal

Festivalar

Ryfylke er eit festivalrike. Kultur, mat og aktivitetar pregar Ryfylke året rundt. Her er ein oversikt av mange av festivalane og arrangementa i Ryfylke.

Pin It on Pinterest