|
Skrive av Redaksjonen
|
|
laurdag 10. april 2010 11:47 |
Ryfylke har mykje å tilby både sommar og vinter. Ta med barna, bestefar og naboen på ferie i eit variert landskap. Full oversikt finn du hjå Reisemål Ryfylke.
Ryfylke byr på eit rikt og allsidig tilbod med store kontrastar. Ta med familien på øyhopping i Ryfylke og få ei særmerkt oppleving – eller kanskje du vil høgt til fjells der lufta er klar og ingenting stengjer for utsynet.
Kva med å flyte ned Suldalslågen og sjå laksen sprelle eller rusle stille i ein av dei mange tettstadane som ligg lunt nedmed fjorden? Eller vil du kanskje ta båten inn ein av dei mange fjordane, og legge til kai i ei gjestehamn?
Djupe fjordar, høge fjell, eit hav av øyar. Det er Ryfylke alt i hop!
Les meir hjå Reisemål Ryfylke. (fire språk)
Ryfylke - der fjordeventyret tek til.
|
|
Sist oppdatert måndag 28. juni 2010 11:01 |
|
|
Tur: Trollgarden i Ryfylkeheiane |
|
|
|
|
Skrive av Redaksjonen
|
|
torsdag 11. mars 2010 08:53 |
Den imponerande Trollgarden ligg 750 m.o.h.i Hjelmeland kommune. Denne eineståande moreneryggen strekkjer seg innover fjellheimen som ein 2 km lang steingarde, og blei danna for 9700 år sida, då isbreen trekte seg tilbake. (7- 8 timar)
|
|
Les meir…
|
|
Tur: Langs Svandalsfossen |
|
|
|
|
Skrive av Redaksjonen
|
|
torsdag 11. mars 2010 08:52 |
Frå stranda ved Saudafjorden ligg storfossen 540 trappetrinn lenger oppe. Fossen er gjort tilgjengeleg ved hjelp av sti og trappe-konstruksjonar, som fører deg langs ei vill og mektig elv.
|
|
Les meir…
|
|
Skrive av Redaksjonen
|
|
torsdag 11. mars 2010 08:51 |
Stranddalen er ei av mange perler i Ryfylkeheiane. Her kan du til og med få deg ein komlemiddag.
|
|
Les meir…
|
|
Skrive av Redaksjonen
|
|
torsdag 11. mars 2010 08:49 |
Skomakarnibbå er namnet på eit særmerkt fjellparti ved Jøsenfjorden i Hjelmeland.
|
|
Sist oppdatert torsdag 11. mars 2010 08:51 |
|
Les meir…
|
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 2 |