Jobb i Ryfylke

Jobbmarknaden i Ryfylke

Føremål og føresetnader  Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap, oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 29.1.1999 nr. 6, med kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Sauda som deltakarar. Andre kommunar har høve til å søkja medlemskap.  

Føremålet med selskapet er å styrkja regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid med hovudvekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsprosjekt. Selskapet kan driva si verksemd dels i eigen regi og dels fungera som tilretteleggar for andre både offentlege og private verksemder.  Samarbeidet skal leggja til grunn deltaking frå likeverdige partar og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.  

Selskapet kan òg inngå samarbeidsavtalar med kommunar, andre selskap og verksemder.  Selskapet sitt administrasjonsmål er nynorsk.