MAT i Ryfylke

Matgleder frå Ryfylke

Ryfylke er eit matfat, eit spiskammer av dei sjeldne. Og me vil gje deg inspirasjon! I Ryfylke finn du all verdas godsaker gjennom alle årstider, frå fjord, jord, fjell og beite. Dessutan har me mange dyktige kokkar, som er bevisste på å bruka råvarer og produkt frå Ryfylke. Svolten? Lyst å bli inspirert til å laga god mat, ut frå godsakene du finn i Ryfylke. Her gjev kokkar og fagfolk deg tips. Og dei første matrettane er klare.

Tomatgnist frå Finnøy

Interessert i å imponera med ein smaksrik forrett neste middagsselskap?

Sjå og lær korleis Frode Selvaag i Ryfylkekokken brukar tomatar frå Lauvsnes gartneri på Finnøy til å diska opp ein forrett med wow-garanti. I tillegg delar Frode korleis ein kan nytta tomatrestar. Minimalt med avfall – maksimalt utnytting av den gode Ryfylketomaten.  

Sjå framgangsmåten her!

Kveite og gode grønsaker frå Ryfylke

Nicholas Guindani freistar med kveite og grønt frå Ryfylke. Nicholas driv til dagleg Kraft Kafe i Sauda, og er svært opptatt av å nytta det som sesongen byr på i Ryfylke. 25. mai sende me Ryfylkepuls direkte frå nettopp Kraft Kafe, og Nicholas laga eit herleg måltid på direkten. Sjå intervjuet og framgangsmåten her:

Pannesteikt lange med gnocchi og tomat

Sebastian Schläwicke byr på kombinasjonen lange, tomat, grønt, eplesider og gnocchi. Ja, gnocchi er ein type pasta laga med potet. Med herleg utsikt over Jøsenfjorden ein solrik dag på Hjelmeland, lagar Sebastian denne friske retten frå sin base på Smaken av Ryfylke. På to enkle minutt kan du sjå korleis Sebastian tryllar fram fiskeretten!

Pin It on Pinterest