Lysefjorden Utvikling

Lysefjorden ligg i umiddelbar nærleik til oljehovudstaden Stavanger. Det er den nærmaste fjorden mot resten av Europa.

Lysefjorden er meisla ut og forma av isbreane under istidene. I denne brutale fjellheimen har menneska klort seg fast i bakkane og fjellsidene i mange tusen år. Mange stader kan du sjå spor etter menneskeleg aktivitet og erobring av den ville naturen. Preikestolen og Kjerag er internasjonalt kjende turistmål og blir besøkt av fleire hundre tusen kvart år. Lysefjorden byr også på spennande fjordcruise, overnattingsstader og ikkje minst fortidslandsbyen Landa. Verdas lengste tretrapp med 4444 trinn i Flørli seiler no opp som ein stor turist attraksjon som dei spreke bør bryne sine krefter på.

Fleire medlemer  i Ryfylkealliansen