Rødne

Rødne er eitt av dei største hurtigbåtreiarlaga i Norge, med 18 båtar. Rødne tilbyr person- og opplevingsreiser med mindre hurtigbåtar.

Selskapet blei starta i 1956, for å driva skuleskyss og transport mellom og ut frå øyane i lokalsamfunnet Sjernarøyane. I dag har selskapet om lag 120 tilsette. Av dei jobbar 25 i landorganisasjonen på Kyrkjøy i Sjernarøyane, i Stavanger og i Bergen, medan 95 er tilsette på sjøen på heilårsbasis. Mannskapet aukar med kring 15 medarbeidarar i sommarhalvåret. Sjernarøyane i Finnøy kommune er basen. Selskapet har med åra ekspandert og driv nå ambulansebåtar, rutetrafikk, charter og turistverksemd ut frå Stavanger og Bergen. Rødne eig også fjordrestauranten Lysefjord-Helleren i Lysefjorden.

Fleire medlemer  i Ryfylkealliansen