Smith Audio

Kva hadde ei teaterframsyning, ein konsert eller ein festival vore utan lyd? God lyd er ein viktig føresetnad for gode opplevingar, anten du skal arrangera ein privat hagefest eller ein tre-dagars kulturfestival.

Smith Audio tilbyr både lydproduksjon og utleige av lydutstyr til ditt arrangement, og kan i tillegg hjelpa til med rådgjeving og sal av lyd- og lysutstyr. Innehavar Henrik Smith starta Smith Audio i juli 2013, for å kunna driva med kommersiell lydproduksjon. Då hadde han allereie vore teknisk sjef og ansvarleg for lys- og lydproduksjon i Hjelmeland Samfunnshus og Teaterlag sidan 2010, samt lydteknikar og teknisk instruktør i Hjelmeland Ungdomsteater sidan hausten 2011. Kundane er i hovudsak arrangørar av ulike kultur- og idrettsarrangement i Ryfylke.

Fleire medlemer  i Ryfylkealliansen